Frode Bøthun tilsett som rektor på Sygna
Det er med glede me kan melde at Frode Bøthun har takka ja til jobben som rektor ved Sygna. Frode har jobba ved skulen sidan 2001, i 13 av desse åra som inspektør, og no siste året som konstituert rektor. Sygna har fått ein rektor som har god kjennskap til kristen friskule, lang erfaring frå vidaregåande skule og som, ikkje minst, har eit brennande engasjement for Sygna. Vi ønskjer han hjarteleg velkommen som fast tilsett i stillinga og gleder oss til fortsetjinga.