Seminar med Kjetil Netland: Openberringa - ei bok med håp
FIRE TYSDAGS-KVELDAR MED BIBELUNDERVISING PÅ SYGNA
Det er mange elevar som har spurt etter hjelp til å lese Openberringsboka. I kveld og annankvar tysdag framover skal Kjetil Netland hjelpe oss med korleis vi kan lese den siste boka i Bibelen. Kjetil er prest i Balestrand. Han kjem til å vise at denne boka er skriven for å oppmuntre kristne til å halde ut i vanskelege tider.
Ta med Bibelen og kom i møtesalen desse tysdagane kl 20.00:
13.10 Sjå kven Jesus er
Jesus syner seg i Op 1 og 4 - 5
27.10 Sjå kven vi er i Kristus
Breva til dei sju forsamlingane. Op 2 – 3 og 7
10.11 Sjå kva som hender i den siste tida
Op 6, 8 – 11 og 15 - 18 Skremsel eller trøyst? Korleis tolkar vi denne boka?
24.11 Sjå kva som hender med Jesus sine vener
Vanskelege tider i Op 10 – 14 og Håpet i 19 – 21