Klart for mykje fotball
Det vert mykje moro og lite kvile for dei som svingar innom Belehalli laurdag kveld.
Sygna-russen klinkar nemleg til med den tradisjonelle Nattcupen, no andre helga i 2020.
– Vi startar klokka 20.00 laurdag kveld, og reknar med at finalen går rundt klokka tre natt til søndag, forklarer Trine Beate Midttun Dale og Nils Ola Standal, som er PR-ansvarlege for turneringa.
Tidlegare elevar
Fire utespelarar og ein keeper er det som skal til for å ha eitt lag.
– Jenter, gutar, kvinner og menn kan vere med. Vi har sett ei nede aldersgrense frå 8. klasse, seier PR-duoen, og legg til: – Påmeldingsfristen er fredag klokka 17.00, presis.
Sju lag har alt meldt seg på, og arrangørane kan røpe at det ikkje berre er lokale lag som skal måle krefter i Belehalli.
– Fleire tidlegare Sygna-elevar har meldt frå om at dei kjem med lag, så dette vert spennande, seier Nils Ola Standal.
Konkurranse
Dersom du ikkje er den med best teknikk og fotballforståing, er ikkje alt håp ute.
– Vi skal ha ulike konkurransar, der blant anna laget med beste kostyme vert kåra. Også beste supportergjengen vinn premie. Det vert kiosk, musikk og god stemning. Målet er at alle skal ha ein kjekk kveld/natt, seier Trine Beate Midttun Dale.
Pengar i kassen
Det kostar 100 kroner per spelar å vere med, inngangsbillett til Belehalli er på 20 kroner.
– Pengane vi får inn går til russeprosjektet vårt, fortel arrangørane.
Meir om russeprosjektet finn du her.