Ei god natt

20 lag. Smil og latter.

Årets utgåve av Nattcup i Belehalli går inn i historiebøkene som ei av dei beste.

Mange kampar

Heile 20 lag var med på cupen som Sygnarussen arrangerte med stødig hand. Med minst fem spelarar på kvart lag og ein stor bukett med publikum, vart det litt av ein stemning i Belehalli frå klokka åtte laurdag kveld til langt ut i dei små timar på søndag.

Dressa seg opp

Flotte kostyme, lekre tekniske detaljar, samhald, rivalisering, gode replikkar, unge og eldre i fri dressur og Fair Play-haldning frå første til siste spark, var ramma for arrangementet. Dermed siglar denne januarnatta inn i minnet som ei svært god natt.

Pengar i kassen

Men ein proppfull idrettshall, påmeldingsavgift, inngangsbillett og to kioskar som det stort sett var lange køar ved, rulla naturlegvis pengane inn til russeprosjektet. To fluger i ein smekk der altså. Vel blåst!

Forrige
Forrige

Sprek timeplan med heftige utfordringar

Neste
Neste

Klart for mykje fotball