Sprek timeplan med heftige utfordringar
Likar du kajakk, klatring, skyting eller ski? På Sygna har du mykje å velje mellom.
Vi jobbar heile vegen med å gjere fagtilbodet vårt betre. For skuleåret 2019/20 har elevar på Breiddeidrett kunne velje seg ein fordjupingsaktivitet i tillegg til dei vanlege idrettane og aktivitetane vi bruke tid på i faget. Dette skuleåret, står kajakk, klatring, skyting og ski på timeplanen.
Ledkort
Klatregruppa har vore i Sogndal og fått nytta dei gode fasilitetane på klatresenteret der. I haust har elevane teke Ledkort (tidlegare Brattkort)
Kameratredning
Padlegruppa har for det meste vore på fjorden i nærområdet. Her har det vore fokus på padleteknikk, kameratredning og å vere på tur i kajakk. Dei har også fått ei økt i basseng der innlæring av eskimorulle var hovudfokus.
Kort veg
Skytegruppa har heldt seg innandørs på skytebana i Belehalli. Denne ligg like ved skulen og har gode fasilitetar for skytetrening. I år har vi fått hjelp av Anette Thingbø Sundnes som instruktør. Ho er i noregstoppen i skyting.
Balanse
Skigruppa tok turen over fjellet til Hemsedal i starten av desember. Uavhengig av kor mykje elevane har stått på ski frå før, er det alltid nok å jobbe med når vi ynskjer å bli betre skikøyrarar. Her jobba vi med balanse, tyngdeoverføring, rytme, kanting av skia osv.
Gode erfaringar
Erfaringane med fordjupingsaktivitet på breddeidrett er gode. Det er difor sannsynleg at vi held fram med denne modellen i faget neste skuleår. Kva elevane kan velje mellom for 2020/21 er enno ikkje bestemt.
Det er elevar som går idrettsfag eller studiespesialiserande utdanningsprogram som kan velje breddeidrett på Sygna.