Martin og Marie ønskjer velkommen til torsdagsmøte

Tru, tvil og kinderegg - det var noko av det ein fullsett møtesal fekk høyre om på årets første torsdagsmøte. Kvar torsdag kl. 20.00 er elevar og personale velkomne på torsdagsmøte. Forhåpentlegvis kan vi invitere gjester utanfor skulen snart også, men førebels vert møta litt eksklusive - p.g.a smittevern.

På det første møtet oppmuntra ungdomsleiar, Martin Holskar elevane til å bruke året på å utforske om det ikkje ligg ei fantastisk gåve i bodskapen om Jesus? På Sygna får alle som ønskjer god anledning til å bli betre kjent med Jesus og det han har gjort - og gjer for kvar og ein av oss.

Forrige
Forrige

Skuledebatt og valtorg

Neste
Neste

Her er Sygna 21/22