Skuledebatt og valtorg

Åtte av dei ni stortingspartia var representerte på skuledebatten på Sygna. Ekstra kjekt var det at for to av partia (Raudt og Kristeleg Folkeparti) var det Sygna-elevar som representerte partia i debatten. 2BU-eleven Felin imponerte i debatten for Raudt og det same gjorde tidlegare Sygna-elev Marta Kjelby for KrF. I tillegg var tidlegare Sygna-elev Hans Christian Andersen Knudsen med og sto på stand for SV i etterkant av debatten - som vart leda på ein stødig og god måte av Bayan frå politikk og menneskerett-klassen.

For Sygna er det veldig kjekt å sjå at elevane engasjerer seg politisk - både medan dei er elevar og i etterkant.

Denne gongen var det skulepolitikk, utviklingspolitikk og klima/miljø som var tema for debatten.

Tysdag 7. september er det skuleval på Sygna - då får vi sjå kva parti elevane er mest enige med…

Forrige
Forrige

Årets første møteveke

Neste
Neste

Martin og Marie ønskjer velkommen til torsdagsmøte