No er måleriet avduka - og har fått namn
Eit godt samarbeid mellom Sygna vgs og Balholm AS har ført til eit flott kunstverk. Det store veggmåleriet på veggen til Balholm AS er måla av elevane i 2KDA og 3KDA. Fredag 5. mai var det avduking. Varaordføraren sto for den offisielle avdukinga, styreleiar i Balholm AS, Eli Grete Høivik orienterte om prosjektet, rektor, Frode Bøthun helsa, Per Sølsnes (2ST) spelte eit sjølvkomponert verk til opning og ein stor flokk med frammøtte fekk med seg det flotte arrangementet.
Kunstverket har fått namnet “Frukthage”.
Her er pressemeldinga Balholm sende ut og som seier litt meir om prosjektet:
FRUKTHAGE – gatekunst i Kunstbygda Balestrand
Fredag 5. mai 2023 kl 10.00 inviterer vi til opning av veggmåleriet FRUKTHAGE ved Balholm AS, Villavegen 14 i Balestrand.
I 2019 starta Balholm ei utbygging av Balholmbygget som huser produksjon av frukt- og bærdrikke. Ettersom Balholm held til i Kunstbygda Balestrand og ligg langs «promenadevegen» langs fjorden, var det naturleg å legge til rette for eit kunstuttrykk på veggen som vender mot Villavegen. Samarbeidet med kunstlinja ved Sygna vg skule under leiing av kunstnar og lærar Giuseppe Miconi vart etablert, og etter nokre rundar med utkast sette elevane i gang hausten 2022. Prosjektleiar for Balholm AS har vore Tuba Ardic.
Verket er inspirert av Balholm sin produksjon og dei organiske bølgeformene i Sognefjorden, seier Giuseppe Miconi. Han har rettleia elevane i prosessen – og dei har måtta tole både regn og kulde gjennom månadane arbeidet har gått føre seg.
Vi på Balholm er veldig imponerte over resultatet og har gledd oss over ungdommane sin innsats, seier styreleiar i Balholm AS, Eli-Grete Høyvik. Dette representerer eit nytt uttrykk i Kunstbygda – gatekunst på eit produksjonsbygg.
Verket blir opna av varaordførar Vibeke Johnsen, Sogndal kommune.