Vidare i UKM

I slutten av april møttest ungdomar frå heile Sogn og Fjordane for å dele kulturelle opplevingar og sosialt fellesskap i UKM (Ungdommens kulturmønstring). Blant deltakarane i år var tre elevar frå Sygna: Victoria Maria Santistevan (2kda), Maia Wesenlund Hjønnevåg (2kda) og Brynjar Åm Fuglestad (1st).

Victoria deltok med kol- og tusjteikninga «Mindless Battles», mens Maia stilte ut kolteikninga «Kull av Lady R». Maia deltok i tillegg på scena saman med søster si i musikalnummeret «We Don’t Talk About Bruno» frå filmen Encanto, og Brynjar spelte ein improvisasjon rundt Czerny-stykket «Ocean Waves» på flygel. Brynjar og Maia har gått vidare til landsfinalen i Trondheim i juni - og vi ønskjer dei lykke til.

Forrige
Forrige

Les Sygnabladet her

Neste
Neste

No er måleriet avduka - og har fått namn