Repetisjon i klasseromma
Kva skal ein gjere på skulen når ein er ferdig med alle kompetansemål, det er Syden-temperatur ute og sommarferien nærmar seg med stormskritt? Jo, då skal ein sjølvsagt repetere, repetere og atter repetere!
Forsking viser at ein lærar betre om ein repeterer. Onsdag var det ei fire timars matteøkt for 1. klasse idrettsfag. Her blei mellom anna vinklar og lengder repetert. Gjennom varierte undervisningsmetodar har klassen no sikra at kunnskapsgrunnlaget er godt før dei til hausten startar på VG2. Og matte treng ein alltid, mellom anna når ein skal rekne seg fram til kor mange dagar det er til sommarferien eller kor mykje is ein kan kjøpe for vekepengane sine.