Pølsegrilling på naturfagsvis
Naturfag i 1ID, 1ST og 1KDA fekk i oppgåve å lage ei innretning for å grille pølse i sola. Dei fekk ikkje lov til å bruke flamme, elektrisitet eller andre mekanismer ein vanlegvis ser føre seg når ein skal grille pølser.
Etter 30 min. blei det brukt temperatursensorar for å finne kjernetemperaturen på pølsa. Resultata varierte frå 22 grader til 35,4 grader. Den eine innretninga som gav 35,4 grader var ei kasse med svart botn, aluminiumsfolie langs kantane og plastfolie over, mens den andre innretninga som gav den same temperaturen var å legge pølsa på bakken og sette opp ein skjerm av aluminiumsfolie bak.
Tekst og bilete: IFL og ES