Æresrussen inviterte til "helaften"

Årets æresruss, Møyfrid, inviterte rett før skuleslutt heile russen heim til seg til mat og morro.

Russen fekk middag, beståande av den meksikanske matretten Alembre. Til dessert vart det servert pavlova og sjokoladeplatekake. For å halda smittevernreglane var æresrussen sin ektemann, Hans og sonen, Aleksander leigde inn som servitørar.

Ein av grunnane til at akkurat Møyfrid vart valgt er den enorme givargleda hennar. Også denne kvelden hadde Møyfrid gåver å by på: heile russen - 54 stk - fekk utdelt heimestrikka ankellabbar med ei lita helsing, strikka av Møyfrid sjølv og mora.

Etter middag vart det aktivitetar: bocca, kubb, speling, teiknekonkurranse, prat og kos.

Russen ville ikkje reise tilbake til internatet - eit teikn på ein vellukka kveld.

Vertskapet takkar for besøket!

Forrige
Forrige

Sygna søkjer ny rektor

Neste
Neste

Pølsegrilling på naturfagsvis