Rikard blir vår nye idrettsassistent

KLAR: Til hausten kjem Rikard tilbake til Sygna og Balestrand for å vere idrettsassistent og kle ei rolle på A-laget.

– Eg ønskjer å spre glede, og ser fram til å ta på meg Balestrand-drakta igjen.

Sygna vidaregåande skule er godt i gang med å planleggja neste skuleår. Mange brikker skal leggjast, og ei av dei som no er pusla på plass er kven som vert ny idrettsassistent. Det er no klart at Rikard Tetlie Bekkvik har takka ja til å gå inn i denne viktige stillinga.

Ny rolle
19-åringen frå Mosjøen veit godt kva han går til. Han har tre år bak seg som på idrettsfag her i Balestrand.

– Eg kjem tilbake til Sygna fordi eg sjølv har erfart kor viktig denne rolla er. Eg tykkjer det er ei ære å tilbod om å bli idrettsassistent, seier Rikard Tetlie Bekkvik, som sidan han slutta på Sygna har vore elev på Helgeland Folkehøgskole.

Varm i trøya

Rikard Tetlie Bekkvik viste lovande takter på A-laget til Balestrand då han gjekk på Sygna, og vart ein liten publikumsfavoritt med sin oppfordrande spelestil.

– Eg ser fram til å spele på Kreklingen stadion igjen med Balestrand-logoen på brystkassa, seier nordlendingen.

Han gler seg også til å skifte rolle frå elev til lærar.

– Det blir triveleg å bli kjent med nye folk, tulle litt dei tilsette på Sygna og spre glede. Det blir også stas å knuse Joakim i pull-ups, seier Rikard, som dermed har lagt lista.

Vi ønskjer friskusen velkomen tilbake til Sygna og Balestrand.


HARDHAUS: Rikard er 19 år og kjem frå Mosjøen. No er han klar for Sogn og mildare klima.

Forrige
Forrige

Ein liten smakebit

Neste
Neste

Tek praksisen i Spania