Tek praksisen i Spania

UT PÅ TUR: Denne gjengen er klare for den spanske solkysten i vår. Frå venstre ser vil Astrid Kleppe Holgersen, Markus Feten, Miriam Lillestøl Bjerkreim, Aurora Farestveit Li, Karin Sie, Eden Gebremichael Tesfamaryam, Salma Mohamed Ali Omer, Tomine Saltnes, Cintia Maria Da Silva Braga og Svanhild Hundseth. Thea Helena Gilje var ikkje tilstades då biletet vart knipsa.

Sygna går nye vegar. Det gjer at elevar kan sjå fram til å ha praksis under spansk sol.

Elevane i VG2 på Helsearbeidarfag og Barne- og ungdomsarbeidarfag set kursen mot Alicante i månadsskiftet april/mai. Ei veke med variert praksis står på menyen.

– Det er første gongen vi legg denne praksisen ut av landet. Vi har tru på at dette skal bli eit veldig lærerikt opphald, seier Astrid Kleppe Holgersen, som saman med lærarkollega Svanhild Hundseth, syr saman opplegget.

Sjømannskyrkja

Det er yrkesfagleg fordjuping som står på timeplanen under opphaldet sør i Europa. 

– Vi vil ha fokus på barn, unge og eldre si psykiske helse er eitt av kompetanse måla i læreplanen, forklarer Kleppe Holgersen.

– Elevene skal besøke ulike norske institusjonar og vere med på opplegg der, blant anna på Reuma-Sol, Bærum kommune sitt rehabliliteringssenter i Altea og Sjømannskirken i Albir. 

Under opphaldet vil elevane ha base på bibel- og opplæringssenteret Centro Sarepta, som ligg utanfor Alfáz del Pi.

Forrige
Forrige

Rikard blir vår nye idrettsassistent

Neste
Neste

SAMHANDLING I PRAKSIS