SAMHANDLING I PRAKSIS
Mange har erfart at det å jobbe saman med andre kan vere utfordrande. I dei fleste yrke er dette ein viktig eigenskap, å kunne løyse utfordringar saman, for å nå eit felles mål.
For å bli god på samhandling må ein og vite kva ein er god på sjølv, og vite om sine sterke og svake sider. Dette har 1HO jobba med i det nye året. Dei har blitt utfordra både på å sjølv seie kva dei er god til, og å motta ros og positiv omtale av andre. Evna til å samarbeide har og blitt utfordra gjennom ulike samspeløvingar.