Svært mange søkarar til Sygna

Søkartala for komande skuleår er svært høge - vi må 25 år tilbake i tid for å finne liknande tal.

Det uttalar Bjørg Aase, som leier inntaket til Sygna.

Totalt har Sygna motteke 292 søknader og 205 av desse har eitt av Sygna sine tilbod som førsteønskje. Det ser dessutan ut som at trenden frå inntaket i fjor held fram: 77 søkarar til Vg1 har Sygna som førsteønskje. Totalt har 142 søkt Vg1 på Sygna.

- Dette er veldig gode tal. Særleg ser vi at det vert trongt om plassen på Vg1 Kunst, design og arkitektur. Der er det venteliste. Søknaden er også svært god til Vg1 Helse- og oppvekst og til Vg1 Idrett. Etter førsteinntaket er det fullt i 1HO, medan det er nokre få ledige plassar på Idrett. Det er dessutan heilt fullt på internatet.

Bjørg Aase leier inntaket på Sygna og fortel om svært høge søkartal.

Dersom nokon kjem på at dei ønskjer å søke Sygna er det framleis mogleg, sjølv om førsteinntaket no er gjennomført.

- Dei som har fått plass har frist fram til 1. april med å svare ja eller nei til plassen. Det vert alltid nokre forandringar etter førsteinntaket, så alt håp er ikkje ute for dei som er på venteliste, eller som søker etter fristen.


Sygna tilbyr

  • Studiespesialisering

  • Kunst, design og arkitektur

  • Idrettsfag

  • Helse- og oppvekstfag
    - Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfag
    - Vg2 Helsearbeidarfag

  • Påbygg til generell studiekompetanse

Forrige
Forrige

Vi hjelper deg med leksene

Neste
Neste

En fargerik skoledag