Vi hjelper deg med leksene
Tre ettermiddagar i veka får elevane på Sygna tilbod om hjelp til lekser, innleveringar - eller til å forstå noko dei treng litt ekstra hjelp til.
Kvar måndag ettermiddag stiller Helge Eilifsen på klasserom 12 på skulebygget. Dette tilbodet har han gitt elevane i mange år. Han kan hjelpe med mykje - og særleg innan dei ulike realfaga.
Tysdagane arrangerer miljøteamet, med Ingrid Ladehaug og Mari Lervik Grzebieluch i spissen, leksekafè i matsalen. Kjøkkenet stiller med litt godbitar.
Onsdag ettermiddag er det Ingrid Fjeldskaar Løtveit og Laila Vang som er i aksjon på klasserom 12. Då kan alle som vil få Mattehjelp.
Vi er kjempeglade for personalet som vil gi litt ekstra - og for elevane som vil jobbe litt ekstra.
Laila Vang, Helge Eilifsen, Ingrid F Løtveit, Ingrid Ladehaug og Mari L Grzebieluch stiller opp om ettermiddagane for å hjelpe elevane med skulearbeidt.