Sygnarussen samla inn over ein million kroner til Etiopia

Sygnarussen tenkte dei satsa høgt då dei sette seg mål om å samle inn 650 000 kroner til misjonsprosjektet i Etiopia. På avslutningsfesten kunne dei avsløre at den endelege summen var på 1 008 848 kroner.

Heile denne summen går uavkorta til Norsk Luthersk Misjonssamband sitt arbeid i Etiopia. Misjonssambandet har som mål å hjelpe heile mennesket gjennom konkrete prosjekt innan utdanning, landsbyutvikling og helse. Dei samarbeider både med den nasjonale kyrkja og myndigheitene for å klare dette.

Korleis kan 58 russ samle inn ein million i løpet av eit krevjande skuleår, delvis prega av koronarestriksjonar? Det enkle svaret er at det kjem ikkje av seg sjølv. Det krevst iherdig arbeid, mykje kreativitet og godt lagarbeid. Dei to prosjektansvarlege, Oline og Hanne Louise, har saman leia eit flott russekull i dette arbeidet, og ramser opp nokre av aktivitetane og tiltaka russen har gjennomført; vask av leilegheiter, amerikansk auksjon, basarar, kiosk, flaskepanting, misjonsløp, revy, konsertar, loppemarknad, epleplukking for Balholm, nattcup og dei var vakter på Balejazz. Alt dette og endå meir har gjort at dei til slutt kunne skrive over ein million på sjekken til Etiopia.

Forrige
Forrige

Velkommen til Sygna

Neste
Neste

Kveldstur til 1259 meter over havet