Velkommen til Sygna

No er det snart skulestart - og vi gledar oss kjempemykje til å ta imot alle elevane som saman med oss i personalet skal vere Sygna 2022/2023.

Blant dei som gledar seg er miljøteamet vårt. Dei har eit ekstra ansvar for dei sosiale aktivitetane og for det kristen arbeidet på Sygna. Martin er ungdomsleiar og Oline, Marie og Birgitte er miljøarbeidarar.

Oline, Marie, Martin og Birgitte

Dette året er det fire nye tilsette: Viljar skal vere idretts- og elevassistent, Anne Kari skal vere lærar i 1HO og i 2HA, Karen Emilie skal vere idrettsassistent og internatmedarbeidar og Oline er ny miljøarbeidar. Vi gledar oss over at dei fire tidlegare Sygna-elevane no kjem att som tilsette!

Viljar, Anne Kari, Karen Emilie og Oline

I førebuingsveka fekk vi besøk av Inga-May Nastvik og Grete Yksnøy Martinsen frå hovudkontoret til Misjonssambandet. Dei hadde foredrag for personalet om balansen mellom idealisme og bærekraft når ein jobbar på ein internatskule og om grenser og grenseoverskridande åtferd. Viktige tema der Naustal og Yksnøy har høg kompetanse.

Inga-May Naustvik og Grete Yksnøy Martinsen

Forrige
Forrige

Program i opningshelga

Neste
Neste

Sygnarussen samla inn over ein million kroner til Etiopia